Total Pageviews

Sunday, October 3, 2010

ny blog!

Sjekk gjerne det nye forsøket på kursblog: http://kursisosialemedier.blogspot.com/
Eg håpar at dei som starta å følgja meg blir med over til denne nye bloggen.
Då har eg testa g-talk, men berre som instant chat. Det funkar, men mottakar hadde ikkje mikrofon på...

Saturday, October 2, 2010

2 epostadresser

Då har eg invitert meg sjølv til å delta som forfattar på denne bloggen, og prøver å bruka både gmailadressa, og enivestadressa mi side om side.
Dette er fordi eg ikkje har fått til å oppretta g-talk uten å ta utgangspunkt i ei gmailadresse, og ikkje giddar starta bloggen på nytt akkurat no.
Kanskje dette går? Då har eg lært noko nytt i dag og.
Så var eg heime frå arbeid. Vi har tjuvstarta, så vi tok i mot folk på det nyinnflytta biblioteket, sjølv om vi ikkje skal markera åpninga før i veke 43. Mange menneske, blide fjes, fleire var letta fordi dei endeleg kunne få levert bunkane dei hadde lånt før vi stengde. Det er mykje som ikkje er i orden, men det tok alle med eit smil.

Friday, October 1, 2010

prøve, prøve...

eg har lagt til teljar, og delefunksjon -ikkje at eg veit eg treng det så veldig, men....
Og så har eg lagt inn bilde, og ei liste over lenker til bloggar som har med bibliotek å gjera.

oppgåve om blogging

Hittil har eg lært at blogging ikkje er fullt så enkelt som eg trudde.
Eg har laga bloggar før, og det har ikkje vore større problem enn eg har funne ut av,  eg legg lista lavt, vel enkle løysingar, brukar ferdig design, kjent maskin og legg ikkje inn for mange vaskelege element. Men:
Når vi er fleire om eit nettverk enn det har kapasitet til, oppstår problem. Nokre er enkle å løysa, andre kan vera verre å finna ut av.

Når eg brukar ei anna maskin enn eg gjer til dagleg, kan m.a. brannmur vera oppsett annleis enn eg ventar. Eg må altså setja meg inn i bruken av ei maskin om eg på kort varsel /med kort frist skal utføra oppgåver på maskina.
Eg har og sett at eg ikkje skal ta alt som kjem frå kursleiinga heilt bokstavleg. Eg hadde fått beskjed om at eg måtte oppretta ei ny gmail-adresse. Men eg kunne ha brukt enivest-adressa som eg hadde frå før, og som var registrert der eg hadde mine gamle bloggar. Så eg har lært at eg kan sjekka med kursleiinga: for meg er det enklare å gjera ...., er det ok for dykk?
Vi hadde ein førelesar på første samling, som var passe avansert: låg langt over oss i erfaring, såg mange fleire mulige vegar å gå, men som ikkje gjorde dette avskrekkande. Slapp av, prøv deg fram, var bodskapen. Virkar det, så hald fram, virkar det ikkje, så la det gå, og prøv noko anna. Akkurat som eg har gjort før, men no har eg høve til å få hjelp når noko stoppar opp, og vil dermed kunna nå lenger enn eg kan på eiga hand.
Eg er dermed optimistisk innstilt til det som kjem vidare.