Total Pageviews

Friday, October 1, 2010

oppgåve om blogging

Hittil har eg lært at blogging ikkje er fullt så enkelt som eg trudde.
Eg har laga bloggar før, og det har ikkje vore større problem enn eg har funne ut av,  eg legg lista lavt, vel enkle løysingar, brukar ferdig design, kjent maskin og legg ikkje inn for mange vaskelege element. Men:
Når vi er fleire om eit nettverk enn det har kapasitet til, oppstår problem. Nokre er enkle å løysa, andre kan vera verre å finna ut av.

Når eg brukar ei anna maskin enn eg gjer til dagleg, kan m.a. brannmur vera oppsett annleis enn eg ventar. Eg må altså setja meg inn i bruken av ei maskin om eg på kort varsel /med kort frist skal utføra oppgåver på maskina.
Eg har og sett at eg ikkje skal ta alt som kjem frå kursleiinga heilt bokstavleg. Eg hadde fått beskjed om at eg måtte oppretta ei ny gmail-adresse. Men eg kunne ha brukt enivest-adressa som eg hadde frå før, og som var registrert der eg hadde mine gamle bloggar. Så eg har lært at eg kan sjekka med kursleiinga: for meg er det enklare å gjera ...., er det ok for dykk?
Vi hadde ein førelesar på første samling, som var passe avansert: låg langt over oss i erfaring, såg mange fleire mulige vegar å gå, men som ikkje gjorde dette avskrekkande. Slapp av, prøv deg fram, var bodskapen. Virkar det, så hald fram, virkar det ikkje, så la det gå, og prøv noko anna. Akkurat som eg har gjort før, men no har eg høve til å få hjelp når noko stoppar opp, og vil dermed kunna nå lenger enn eg kan på eiga hand.
Eg er dermed optimistisk innstilt til det som kjem vidare.

2 comments:

  1. Så flott 1. post! Utfyllande og reflektert:) Det er viktig at alle vågar å prøve, som du er inne på, også vert det opp til kvar enkelt å kjenne på om det føles komfortabelt, og om det er nyttig.

    No er vi i gang, godt du er optimistisk til vegen vidare!

    ReplyDelete
  2. Jo,da! Riktig så optimist, men det er litt hektisk for tida, så det blir ikkje mykje blogging dei fyrste dagane.

    ReplyDelete